Utskrift

God bustadsosial konferanse i Førde

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Husbanken inviterte 2. juni 2007 kommunane i Sogn og Fjordane til konferanse i Førde. Aktuelle tema var å skaffe frem nye bustader, utbetring av eksisterande bustadmasse og universell utforming.

Betre tilrettelegging i eksisterande hus

Aina Tjosås frå Husbanken Region vest informert om Prosjekt Bustadtilpassing.  Som eit resultat av prosjektet har fleire kommunar organisert team som hjelper eldre og rørslehemma i bustadspørsmål. - Ved å ha eit team som består av ulike aktørar: ein person frå teknisk avdeling, ein frå bustadkontoret og ein frå ergoterapi- eller fysioterapitenesta, kan ein kome fram til betre og meir lønsame løysingar enn om dei jobba kvar for seg, seier ho. Ho gav eit godt døme frå Lindås kommune, der ein eldre mann på 91 år fekk tilskott på kr. 45 000 og lån på kr 60.000 til blant anna rampe og stolheis. Han blei buande i huset i fire år til. Dersom han skulle ha budd på sjukeheim i desse åra, ville dette ha kosta kommunen nærare 1,5 million kroner. - Dette er ein situasjon som begge sparte på, seier Tjosås. - Kommunen sparte over 1 million i sosialutgifter og den eldre mannen blei buande i heimen sin.  

Universell utforming

Siri Erdal frå Husbanken Region vest forklarte omgrepet universell utforming . - For kommunane betyr det auka framtidige utfordringar når det stadig blir fleire eldre som treng pleie. Dei vil vinne på at  nye bustader blir universelt utforma, seier ho. I dag har 7 % av bustadene i landet livsløpsstandard, mens 19 % er delvis universelt utforma.

Prosjektet ”Lære å bo” i Sogndal  

Sogndal kommune, ved einingsleiar Clara Øberg og prosjektleiar Bjørn Rune Nondal presenterte blant anna prosjektet ”Lære å bo” som er retta mot rehabilitering av rusmisbrukarar. I prosjektet er det fokusert på at deltakarane møter opp og gjennomfører daglege oppgåver knytt til handverksarbeid og reparasjonar.

Helse som element i planlegginga i  Flora kommune

Plansjef Øyvind Bang-Olsen haldt foredrag om situasjonen i  Flora kommune. I den overordna bustadsosiale handlingsplanen, vil dei der prøve å sjå dei ulike planane i samanheng og vurdere dei helsesame konsekvensane av dei.

Bustader for førstegangsetablerar i Sola

Eigedomssjef  Kjell Myhre i Sola kommune fortalte at dei utan å subsidiere verken bustad eller tomt, har bygd ungdomsbustader for førstegangs­etablerar. Dette gjaldt bustadtypar på 56 m² til kr. 954 000 og på 72 m² til kr. 1.195 000.

Meir utfyllande informasjon om:
Universell utforming

Prosjekt bustadtilpassing

Opprettet: 17.08.2007 - Sist oppdatert: 02.11.2007
Rentesatser
3 år: 5,6% - 5 år: 5,6%
10 år: 5,5% - Flytende: 4,8%
Les mer »